Bryne vgs har hatt besøk av elevar frå Tyskland, Skottland og Tsjekkia, og det har ikkje vore mangel på opplevingar dei dagane dei var her. Bryne vgs var først ute med å ta imot besøk, neste stoppestad er Helensburg i Skottland.
Gjennom Comenius-prosjektet (
siu.no/no/Programoversikt/EU-program/Comenius)har Bryne vgs utveksling av elevar og opplevingar med skular i fleire land. Skulen tok nyleg imot elevar frå Leipzig, Helensburg og Neratovice. Til saman kom det 19 elevar og 6 lærarar, og elevane frå Tyskland og Tsjekkia budde heime hos elevar frå Bryne vgs.
- Heile besøket har vore svært vellykka. Det gjekk veldig fint å ha elevane buande heime som Bryne-elevar, og mange gode venskap er starta, seier Jan Serigstad som er prosjektleiar for Comenius på Bryne vgs.
- Comenius er eit EU program for livslang læring. Prosjektet går over to år, og det starta med eit innleiande møte i Helensburg i januar 2009. Deretter sende me ein søknad til Comenius gjennom SIU (Senter for internasjonalisering av høgre utdanning) i Bergen. Me fekk positivt svar i mai 2009. Etter besøket her på Bryne, skal me på gjenvisitt til dei andre deltakarane. Turen går til Helensburg i Skottland i månadsskiftet september/oktober. I desember går turen til Neratovice i Tsjekkia. Det heile blir avslutta med ein tur til Leipzig i april 2011, seier Serigstad.
Medan dei utanlandske deltakarane har vore her, har dei vore innom ei rekkje aktivitetar. Fotball er ein av dei gjennomgåande aktivitetane i prosjektet, men også andre ballaktivitetar, innandørsklatring, byvandring og skitur var med i programmet.
- Me hadde planlagt overnatting i lavvo i Sirdalen, men sidan den einaste regndagen mellom nå og 19.desember kom midt i den planlagte overnattinga, valde me å legge skiaktivitetane til Brekko der me hadde tilgang på varmestove og gapahuk. her hadde elevane på friluftsliv vg2 og vg3 satt opp postar for besøket med ulike aktivitetar. Her fekk dei blant anna prøve ut grunnleggande skiteknikk, og brødbakst på bål i gapahuken. Mange var ikkje vande med langrennsski, men det gav meirsmak for fleire av dei. Sjølv om været viste seg frå ei våt og kald side, var det ingen sure minar å sjå.
På Bryne fekk dei også med seg ei guida byvandring som ende opp på toppen av høghuset. Der fekk dei studere utsikten over Jæren, for været var godt og det var god sikt til alle kantar. Dette satte dei stor pris på. Dei fekk også ein tur over Jæren i buss, og på den turen var dei innom Hå gamle prestegard. Det var eit populært stopp, og fleire fekk fotografert kvarandre i vind og kulde i fjøresteinane nedanfor prestegarden.
- Me er glade for at besøket blei så vellykka. Ein av dei utanlandske elevane smilte og sa: "This is my best holiday ever!" Det er jo eit godt skussmål å få, og me ser fram til dei neste turane der Bryne-elevar skal besøke elevar i dei andre landa, avsluttar Serigstad.