Spennande bedriftsmøte

Ungdomsbedriftene på vg1 service og samferdsel på Bryne vgs fekk møte representantar for reklamebyrået Lokomotiv Media og Time sparebank. Ungdommane fekk tilbakemelding på forretningsplanar og marknadsføring dei har utforma, og ei bedrift fekk premie.


-         Da eg fortalde om ungdomsbedriftene til folka eg arbeider med i Lokomotiv media, sa alle at dei hadde ønska dei hadde noko så kjekt å velje då dei gjekk på vidaregåande.
 
Bethi Dirdal Jåtun snakkar til vg1-klassane på service og samferdsel på Bryne vidaregåande skule. Klassane har etablert og drive sine eigne bedrifter gjennom skuleåret, og nå skal dei få tilbakemelding frå reklamefolk og bankfolk som har vurdert grafisk profil, slagord og forretningsplan. Jåtun har presentert logoar og slagord frå ungdomsbedriftene for folka i Lokomotiv media, og dei har meldt tilbake kva som er sterke og svake sider ved det ungdommane har utforma.
 
-         Logoen er eit avtrykk som skal fortelje noko inn i marknaden. Det er viktig at logoen fortel noko om det de bedrifta held på med, seier Jåtun medan ho viser fram logoen til sitt eige firma.
 
Så går ho inn på tilbakemeldingane til dei enkelte bedriftene. Elevane sit spende og følgjer med, og dei kommenterer litt om dei ikkje er heilt eininge med det som kjem frå ekspertisen. Think Pink UB har vald slagordet ”In A Hurry, Don´t Worry.” Dei tilbyr manikyr for dei som er glad i at ting går fort.
 
-         Her er det bra særpreg i logoen, men de speler ikkje på sjølve produktet, og nokon vil gjerne reagere på at det skal gå så fort. Mange likar jo å kose seg litt og slappe av når dei skal ha manikyr, men for meg passar det perfekt at det er fokus på tempo, seier Jåtun.
 
Alle ungdomsbedriftene får ros og forslag til forbetringar. Og så får dei ei innføring i merkevarebygging og dei får høyre om korleis eit reklamebyrå jobbar med ulike kundar.
 
Tor Alstadsæter er leiar for bedriftsmarknaden i Time sparebank, og han held eit innlegg om kor viktig det er med ein god forretningsidé, ein nøyaktig forretningsplan og ein god visjon for kva ein vil med drifta før ein set i gang ei bedrift.
 
-         Korleis ser marknaden ut? Har de klare mål? Kva er det som gjer dykkar produkt unikt i forhold til andre produkt som andre allereie kan tilby, spør Alstadsæter.
 
Han peiker også på risiko, budsjett og utsikter for å få lån til å starte opp ny bedrift, og han oppmodar alle som skal i banken for å spørje om lån, om å gjere heimeleksa si. 

Til slutt i programmet kjem høgdepunktet. Marknadskonsulent Karin Rusdal har lest forretningsplanane til alle bedriftene, og ho skal dele ut 2500 kroner til bedrifta med den beste planen. Her det det PoCom UB som vinn prisen. PoCom UB blir drive av Kristine Bø, Astrid Skeie og Katrine Undheim, og dei har utvikla og sel sitt eige produkt (les meir om PoCom UB og produktet deira her). Faglærarane Kristin Rasdal Håland og Helga Hadland sit i salen og er vel nøgde med at elevane får gode tilbakemeldingar frå fagfolk utanfrå. Dei sit og samanliknar tilbakemeldingane med det dei sjølv har gitt tidlegare, og dei er slett ikkje ueinige i at PoCom UB får god tilbakemelding.

 

http://www.bryne.vgs.no UA-15183585-1