Rastlaus energibunt

Maria Thorisdottir er avhengig av endorfinar for å finne ro. Den aktive jenta driv både med fotball og handball på høgt nivå. Ho elskar den praktiske og fysiske delen av idretten, men er ikkje alltid så begeistra for det teoretiske.
-         Eg har alltid vore rastlaus, seier Maria.
 
For hennar del var det ikkje noko alternativ til idrettslinja. På denne måten kan ho dyrke idretten, medan ho også skaffar seg utdanning. Men ho innrømmer at teorien, både i idrettsfaga og i fellesfaga, er tung å gjennomføre. For også i idrettsfaga må ho bruke tid på orden og struktur. Ho må føre treningsdagbok, og det er krevjande for ei som ikkje er så veldig glad i halde struktur på ting.
 
-         Er det plagsomt med struktur?
-         Ja. Tja. Alt innan treninga går bra, men det er ikkje lett å setje seg ned. Eg har alltid vore rastlaus.
-         Har du andre interesser der du treng konsentrasjon og ro?
-         Eg har spilt både kornett og horn i korps. Det var kjekt, men nå har eg ikkje tid til det. Elles har det blitt mykje idrett.
 
Maria er med på landslagsnivå både i fotball og handball i tillegg til at ho speler på Klepp sitt A-lag og A-laget til Sola handball, der ho også er med rekruttane. Ho fortel at ho likar å ha det travelt. Fram til 8. klasse var ho med på både turn og friidrett, og ho meiner ho har hatt god nytte av denne treninga seinare.

Det er ein fordel for Maria å kome i gang med trening frå morgonen av. Med endorfinar i kroppen er det mykje lettare å samle seg om det som treng ro og konsentrasjon. Ho fortel om korleis teorien og praksisen høyrer nøye saman i idrettsfaga, og at ho har hatt god nytte av den sterke interessa for idretten og dei forkunnskapane ho sit inne med. Etter vidaregåande har ho ein plan om å dra til Danmark for å studere fysioterapi, og for å spele profesjonell handball.
 
-         Eg har ei tre månaders pause frå fotballen for å konsentrere meg om handballen denne sesongen. Trenaren min veit at det går fint, og at eg held meg i topp form sidan eg er så aktiv med handballen.
 
På skulen har Maria skaffa seg eit lite pusterom i fellesfaga. Ho har tatt eit spesielt val for andre framandspråk og brukar to økter i veka til å lese islandsk.
 
-         Eg valde det fordi eg kan språket ganske godt frå før. Far min, pappi som eg kallar han, er frå Island, og han vil gjerne at me tek vare på det islandske språket. Han snakkar islandsk heime, så eg får brukt språket og haldt det ved like. På skulen les eg alt på eigahand, og så skal eg opp til eksamen i haust.
 
 
Etter samtalen får Maria ut litt energi ved å demonstrere nokre fintar foran kamera, og skota susar rundt øyra på mannen bak kamera.


 
 

 
http://www.bryne.vgs.no UA-15183585-1