Aftenbladet om idrettsfag

Stavanger Aftenblad skreiv laurdag 20.februar ein artikkel om idrettsfag som tilbod i vidaregåande skular i Rogaland. Her kjem Bryne vgs ut som ein skule med stor breidde i fagtilbodet, men dei hadde ikkje oppdatert seg heilt på kva skulen kan tilby.


Artikkelen i Aftenbladet får fram at idrettsfag er eit populært studietilbod i vidaregåande skule. Det er fleire skular i Rogaland som kan tilby idrettsfag. Nokre av skulane tilbyr elevane generell studiekompetanse, medan andre kan tilby spesiell studiekompetanse. Bryne vgs har også studiespesialiserande utdanning, og har derfor mange fag å velje i både innanfor realfag og innanfor språk, samfunnsfag og økonomi, og desse kan også kombinerast med idrettsfaga. Dermed kan ein, om ein vel på bestemte måtar, få spesiell studiekompetanse, samtidig som ein tek ei idrettsfagleg utdanning. Dette vil passe godt for mange.

For å få fram korrekt informasjon om kva skulen kan tilby, legg me ut ei lenkje til ein tidlegare artikkel frå Aftenbladet der dei har ein brei presentasjon av idrettsfag på Bryne vgs. Den finn du her.

Informasjon om fagval på Bryne vgs finn du i toppmenyen på framsida her.
http://www.bryne.vgs.no UA-15183585-1