Kreative russejenter på Bryne vgs

Kva skal til for å få ungdom til å engasjere seg i politikk? Prosjektet Mot til å meina er starta for å forsøke å få ungdom meir interesserte i politikk. Og eitt av tiltaka er sponsing av russebilar.


Kommunane Hjelmeland, Sauda og Time er med i eit pilotprosjekt retta mot folk under 26 år. Målet er å få fleire engasjerte i politikk, og å få fleire til å bruke røysteretten sin. (Les meir om prosjektet her.)

Prosjektet vil dele ut pengar til russen i form av sponsorpengar til russebilar. På kvar av dei vidaregåande skulane i Strand, Bryne og Sauda vil Mot til å meina kjøpe annonseplass på to russebilar. Verdien er på 5000 og 10 000 kroner, så her er det berre å la kreativiteten blomstre.

Birgitte Alvestad, Tonje Madsen, Gunn Iren Stangeland, Gerd Michaelsen, Katrine Nese og Nora Kverneland har allereie satt i gang tenkinga, og dei har noko lurt på gang. Les mer om dette her.
http://www.bryne.vgs.no UA-15183585-1