Er du frå eit anna fylke enn Rogaland, men ønskjer å søkje skuleplass på Bryne vgs?
Enkelte ønskjer å søkje skuleplass ved Bryne vgs sjølv om dei hører til i eit anna fylke. For å få til dette, må du ta kontakt med skulen og skrive litt om bakgrunnen for søknaden.
I tillegg må du hugse å søkje gjennom Vigo innan søknadsfristen 1.mars så du blir med i det ordinære inntaket.
Ta med informasjon om dette når du kontaktar oss:
Namn
E-postadresse
Mobilnummer
Programområde
Trinn du ønskjer å søkje på (vg1, vg2 eller vg3)
Informasjon om programområda våre finn du i menyen på framsida.
For å ta kontakt med oss brukar du kontaktskjemaet her.