Skulebesøk

Magne Nesvik og folk frå opplæringsavdelinga på fylket har vore på sitt årlege skulebeøk på Bryne vgs. Nesvik snakka engasjert om nasjonale satsingar på skule, dropout og skulemiljø.


Kvart år er Nesvik og følgjet hans innom 30 vidaregåande skular i fylket. Dette året var første stopp Bryne vgs. 

- Kristin Halvorsen hevdar at 30% av elevane i vidaregåande skule droppar ut før dei har fullført utdanninga, men dette stemmer ikkje.

Nesvik peiker på at talet berre er eit mål på avvik frå vanleg studieprogresjon i vidaregåande opplæring. Han tek fram tal som får fram nyansane i dropout-problematikken. Den største gruppa er dei som sluttar i overgangen frå vg2 til lærekontrakt. Ei anna gruppe han meiner det er viktig å få tak i, er dei som sluttar i løpet av skuleåret.

- Livsløna aukar dramatisk om du fullfører vidaregåande opplæring. Dei med dårleg meistring i skulen sluttar lett, og dette må me ta tak i, ivrar Nesvik.

Han peikar på sommarskulen som eit godt tiltak for dei som har stryk i fag frå vidaregåande. Her får ungdommane ein sjanse til å jobbe konsentrert med faga rett etter at skulen sluttar til sommaren, og resultata er svært gode for dei som har fullført dette. Vidare peikar han på eksisterande og nye satsingsområde i vidaregåande skule, og han tek fram ein auka satsing på arbeidsmiljøet til elevane som eit av dei viktigaste satsingsområda framover. Her er det fokus på rutiner og oppfølging i skulekvardagen.

Nokre av lærarane på Bryne vgs fekk også presentere noko av det dei arbeider med. Helga Hadland presenterte arbeidet med ungdomsbedrifter som elevane på service og samferdsel driv. Ho fortel om "Farmen-opplegg" med mentor og ukesoppdrag for å dra i gang arbeidet. Etter kvart kjem elevane i gang med forretningsplanar og idear til marknadsføring.

- Når me startar året med å informere elevane om at dei skal drive ei bedrift sjølv, trur dei at me berre tullar, men dei kjem seg etter kvart og dei har ei bratt læringskurve. Me er imponerte av det dei får til, dei er jo ikkje meir enn 16 år.

Nesvik er opptatt av om elevane vil søkje seg ut i lære etter vg2 service og samferdsel, og Hadland meiner at mange av dei vil søkje seg ut som lærlingar.

Alf Ingve Berntsen er opptatt av å få elevane til å yte i skulearbeidet. Han vil at dei blir mest mogleg sjølvstendige i skulearbeidet sitt.

- Elevane har altfor mange kanalar å forholde seg til. Dei treng kunnskap om læring og fokus på det dei er gode til.

Berntsen meiner det er svært energikrevjande for elevane å alltid være så tilgjengelege.

- Chatting og Facebook blir redningsplanken når dei ikkje meistrer skulen, seier han.

Oppskrifta på suksess er planlegging. Om ein parar ein god plan med ekte jærsk gjennomføringskraft er ein langt på veg mot å lykkast. Berntsen lanserer følgjande "formel" for suksess: Plan + gjennomføringskraft = dynamitt.

Leif Harboe er oppteken av å utvikle og bruke digitale hjelpemiddel i undervisning og læring. For tida prøver han ut det han kallar for hybridundervisning. Med det meiner han ei blanding av lærarstyrt klasseromsundervisning og bruk av leksjonar i form av video og lydfiler som elevane har tilgang på i tillegg til lærebøker og internett. Sjølv har han lang erfaring i å ta studium via internett, og han har stor tru på nettet som ein god læringsarena. Harboe er oppteken av at undervisningsstoffet skal være tilgjengeleg. Video og lydopptak skal elevane kunne laste ned på pc, mobil eller iPod.

- Dette brukar dei på Yale og Oxford med stor suksess. Eit mål må vel være at Bryne vgs vert liggjande ute på iTunes, seier han med eit smil.

Harboe konkluderer med at dette er eit spennande område. Sjølv arbeider han mykje med å utvikle dette og han er med i eit stort nettverk med lærarar i heile Norge som held på med digitale læringsressursar.

Etter fleire presentasjonar er folka frå opplæringsavdelinga med på såkalla parallellsesjonar rundt på skulen. Her fekk dei innføringar i det arbeidet som blir gjort på skulen på ulike felt.




http://www.bryne.vgs.no UA-15183585-1