Utlån av lærebøker

Alle elevar på vidaregåande skule har rett til å låne lærebøker. På Bryne vgs. er det biblioteket som har ansvar for lærebokutlånet. 

Kvar bok har ein unik strekkode, og denne strekkoden vert registrert i eit utlånssystem. Det er difor viktig at bøkene som vert lånt ut til deg, er dei bøkene du leverer tilbake. Pass på at du ikkje byter bok med medelevar utan å registrere dette på biblioteket. 

Skriv namn, klasse og skoleår inni boka og ta på bokbind. Då er det lettare å ta godt vare på boka, og du kjenner lett igjen eigne bøker. 

Legg aldri bøkene i skap utan å låse skapet, og få alltid bøkene dine med deg frå klasserommet og fellesområde. 

Har du fått utdelt bøker som er øydelagt, eller som blir øydelagt i løpet av skuleåret, ta kontakt med biblioteket så snart som mogleg, sår reparerer me eller du får byte bok.

Skulen tek ikkje i mot bøker etter frist for innlevering (siste skuledag før sommarferien). Elevar som ikkje leverer inn ei bok innan fristen, blir fakturert for det beløpet som ei ny bok kostar. Grunnen til dette er at biblioteket alt i juni må bestille nye bøker til skulestart i august.

Privatistar som skal ta privatisteksamen på Bryne vgs. får låne bøker så lenge skulen har bøker på lager. 

Ta kontakt med biblioteket dersom det er noko du lurer på. 

Del denne artikkelen på: