Kva slags PC skal eg velje?

Kva slags PC skal eg velje?

Fylkestinget har vedteke at alle elever som går på offentlege vidaregåande skuler i Rogaland fylkeskommune (RFK) skal bruke berbare datamaskiner i læringsarbeidet sitt. For meir info sjå  elevportalen

Elevar i Vg1 som kjøper datamaskin på fylket sin rammeavtale blir subsidierte av RFK. Dette tilbodet gjeld berre elevar som har ungdomsrett, og kan berre brukast ein gong. Ved bestilling kan ein velje eingongsbetaling eller avbetaling med årlege avdrag over 3 år. Ein må nytte tilbodet innan 30. november 2018. Har du lese- og skrivevanskar er det anbefalt å ha pc. Elles vil programområde og kva slags programvare som skal brukast der avgjere valet ditt:

  1. Bygg- og anleggsfag
    Her blir det brukt programvare som krev gode maskinar. Skulen ønsker sterkt at det blir kjøpt pc.
  2. Teknikk og industriell produksjon
    Her blir det brukt programvare som krev Windows, og skulen ønsker derfor sterkt at det blir kjøpt pc.
  3. Medium og kommunikasjon
    Her blir det brukt programvare som fungerer på både pc og Mac. Skolen ønsker sterkt at maskinen har ein harddisk på minimum 240 gb. Dersom ein vel Mac ønsker skulen at det blir kjøpt Macbookpro.
  4. Helse- og oppvekstfag
    Her er det ingen spesielle krav til kva for ein maskin du vel.
  5. Restaurant- og matfag
    Her er det ingen spesielle krav til kva for ein maskin du vel, men skulen ønsker sterkt pc
  6. Service og samferdsel
    Her er det ingen spesielle krav til kva for ein maskin du vel.
  7. Idrettsfag
    Her vil enkelte av programfaga krevje Windows på grunn av programvare som vert brukt, derfor anbefaler skulen pc
  8. Studiespesialisering
    Her vil enkelte av programfaga krevje Windows på grunn av programvare som vert brukt, derfor anbefaler skulen pc

Du får gratis tilgang til alt du treng av programvare på skolen, inkludert Microsoft Office 365. Du kan velje å nytte eigen maskin eller kjøpe andre stader, så lenge denne er god nok til læringsarbeidet og har antivirusprogram installert. 

Sjå alle modellar og prisar her: http://elev.rogfk.no/PC-ordningen/PC-ordningen-2018-19/Modeller-med-priser

Kontaktinformasjon

Atea/Windows: sos.rfk-elevpc@atea.no. Telefon: 22 09 50 65

Eplehuset/Mac: elevmac.rogaland@eplehuset.no. Telefon: 73 20 24 00

Del denne artikkelen på: