Grønt nivå frå måndag 17. januar

Elevar utanfor skulen    

På pressekonferansen torsdag kveld opna Regjeringa for grønt nivå i vidaregåande skule. Samstundes kan kommunane gjere eigne vurderingar utifrå den lokale smittesituasjonen. Kommuneoverlegen i Time seier torsdag kveld at det vert grønt nivå på Bryne vgs frå måndag 17. januar.

 

Det inneber at alle elevar frå måndag av kan møte på skulen som vanleg.

Me oppmodar framleis til handvask, desinfisering, og til å følge retningslinjer for kva du skal gjere når du får symptom.

Til toppen