Meir informasjon om smitte av Covid 19

I samband med at ein elev på vg2 studiespesialiserande har fått påvist smitte av Covid- 19 er både heimekommunen til den smitta og Time kommune i gang med smittesporing.

På skulen blir det gjort ytterlegare tiltak for å redusere smittefaren for elevar og tilsette. Skulen vil redusere tal på sitjeplasser, det vil bli reglar for kor mange som kan vera i kantina og elevane blir oppfordra til å sitje i klasserommet i matpausen.

Det er viktig å minne om at alle må ta ansvar med å halde avstand, ha god handhygiene og halde seg heime dersom ein har symptom på luftvegsplager. 

Det er berre dei med symptom som skal testa seg. Legevakta har ikkje kapasitet til å ta i mot alle henvisninger og ber difor skulen om å understreke dette.

- Elevar som er sende heim er i heimeskule, ikkje i karantene. Dei treng ikkje å ringe Luftvegslegevakta på Kleppe, koronatelefonen i Stavanger, eller be om testing. Berre dei som måtte ha symptom, også milde, skal be om å bli testa. Elevane blei sende heim slik at skulen, Time kommune og heimkommunen til den smitta eleven, Stavanger, kan drive effektiv smittesporing og varsle nærkontaktane. Berre dei som blir varsla om det, skal i karantene, seier kommuneoverlege i Time Øystein Øgaard.

Undervisninga går som normalt for dei elevane som er på skulen. For nokre av elevane vil det vera aktuelt med undervisning via Teams. Er du usikker, ta kontakt med faglærar.

Skulen og Time kommune arbeider med ei felles pressemelding. Denne vil bli publisert klokka 15.30.

Til toppen