Kva er vaksenopplæring?

Du kan ha rett til gratis opplæring frå og med det året du fyller 25 år om du ikkje har fullført videregåande opplæring.  

Du må søkje videregåande opplæring for vaksne for å få retten din.
Søkje vaksenopplæring
 

Kven har rett?

Du kan ha rett om du

  • har fullført norsk grunnskule
  • har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet i minst ni år og har engelskkunnskap på nivå med norsk grunnskule
  • ikkje har fullført videregåande opplæring i Noreg
  • har utdanning frå andre land som ikkje er godkjent som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg
  • har lovleg opphald i Noreg
  • er bosett i Rogaland

Du kan søkje om studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Generell studiekompetanse kvalifiserer deg til å søkje høgskule eller universitet. Yrkeskompetanse kan for eksempel vere fagbrev eller svennebrev.

Usikker på kva utdanning du bør ta og ønskjer veiledning?
Ta kontakt med Karrieresenteret.

Alt du treng om vaksenopplæring
 

Til toppen