To-årig løp for minoritetsspråklege

Dette er eit tilbod om å kombinere opplæring i norsk for grunnskulen med vidaregåande opplæring vg1 yrkesfag. Tilbodet er til elevar som kan få eit betre læringsutbytte i norsk ved å kombinere norskopplæring med arbeid dei er interesserte i. 

Vaksenopplæringssenteret Bryne gir tilbodet om ein slik kombinasjon over ein 2-års periode frå februar 2019 til januar 2021.

Utdanningsprogram i opplæringsmodellen

Desse utdanningsprogramma er med i opplæringsmodellen:

Vg1 - Restaurant- og matfag og Teknikk og industriell produksjon

Vg2 - Kokk- og servitørfag, Matfag og Industriteknologi

Mål

Opplæringa sikter mot fagbrev. Opplæringa inkluderer også alle fellesfag og yrkesfagleg fordjuping innan det aktuelle yrkesfaglege utdanningsprogrammet.

Målgruppe/inntakskrav

  • Må ha minimum 9 år allmenn grunnopplæring frå heimlandet
  • Minoritetsspråklege med norsknivå minimum A2
  • Deltek i introprogram i heimkommunen eller har ei ordning med NAV.

Kommunen står for og dekker kostnader for norsk på intro-nivå første skuleåret og stiller med språktrening i relevant bedrift.

Informasjon til praksisbedrifter

Vil du vite meir?

Ta kontakt med vaksenopplæringssenteret på Bryne for meir informasjon

Til toppen