Medium og kommunikasjon

På medium og kommunikasjon får du sjansen til å utvikle dine kreative evner. Du lærer å kommunisere, lage og produsere innhald til avis, film, radio, TV og digitale medium. I tillegg lærer du om foto og grafisk design. Du får høg digital kompetanse og får samstundes generell studiekompetanse. 

Kvifor velje medium og kommunikasjon?

Du lærer

  • forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilete
  • om mediepåverknad, mediehistorie og journalistikk
  • å utforme bodskap, uttrykk og layout
  • bruk av form, farge, lys og lyd som verkemiddel
  • å vidareutvikle den digitale kompetansen din
  • teoretiske fag

Du bør ha

  • god skriftleg og munnleg uttrykksevne
  • estetisk sans og godt fargesyn
  • interesse for informasjonsteknologi og digitale medium

Les meir om medium og kommunikasjon på vilbli.no

Kvifor velje Bryne vgs.?

  • Vi har engasjerte og dyktige lærarar med ulik mediefagleg bakgrunn.
  • Vi har eit godt samarbeid med den lokale mediebransjen og lokalsamfunnet elles.
  • Vi deltek i ulike mediekonkurransar.
  • Vi har nytt flott fotostudio, stort TV-studio og radio/lyd-studio.

     

Søkje skuleplass

Første året - Vg1

Du går på skule i tre år, og du må ha både fellesfag og programfag i løpet av dei tre åra. På Vg1 vel du kva for eit framandspråk og kva type matematikk du ønskjer.

Det er 35 timar undervisning i veka, og 25 timar er fellesfag og 10 timar er faste programfag.

Vg1

Andre året - Vg2 

Du har færre timar i fellesfaga og fleire timar i progamfag enn på Vg1.

På Vg2 kan du kva velje eit valfritt programfag,, og timane (5 timar) skal brukast enten til vidare spesialisering i medium og kommunikasjon eller til programfag frå andre programområde i studieførebuande utdanningsprogram. Kva for nokre programfag du kan velje, er avhengig av tilbodet på skulen. 

Det er 35 timar undervisning i veka, og 20 timar er fellesfag og 15 timar er programfag. I programfaga er 10 timar felles programfag, og fem timer er valfritt programfag.

Vg2

Tredje året - Vg3

Du har færre timar i fellesfaga og fleire timar i progamfag enn på Vg2.

På Vg3 kan du velje to valfrie programfag, og timane (10 timar) bruker du enten til vidare spesialisering i medium og kommunikasjon eller til programfag frå andre programområde i studieførebuande utdanningsprogram. Kva for nokre programfag du kan velje, er avhengig av tilbodet på skulen. 

Det er 35 timar undervisning i veka, og 15 timar er fellesfag og 25 timar er programfag. I programfaga er 10 timar felles programfag, og 10 timar er valfrie programfag.

Vg3

Vegen vidare

Du får studiekompetanse og kan ta høgare utdanning. Det betyr at du kan søkje dei fleste studier ved høgskular og universitet. 

Hugs at nokre studiar kan ha spesielle opptakskrav. Dette bør du sjekke, før du vel fag.

Du finn søknadsfristar og - krav på samordnaopptak.no

Til toppen