Moglege fagval på medium og kommunikasjon

Som elev på medium og kommunikasjon på Bryne vidaregåande skule har du moglegheit til å ta enkelte realfag.

I vg2 kan du velje matematikk R1 eller S1, og du kan velje vekk eitt mediefag (grafisk design, tekst eller bilde) og ta fysikk 1 eller biologi 2 i staden for. I vg3 kan du velje å ta matematikk R2, biologi 1, biologi 2, fysikk 1, geofag 1 eller 2, kjemi 1 eller teknologi og forskingslære 1 i staden for eitt eller to mediefag (grafisk design, tekst eller bilde). Med R1, R2 og fysikk 1 kvalifiserer ein til å studere ulike ingeniørfag. Andre kombinasjonar av realfag gjer at ein kvalifiserer til ei rekkje realfagsstudium. Ta kontakt med rådgjevar om du er usikker på kva du bør velje. 

Moglege fagval på medium og kommunikasjon:  

Moglege fagval for medium og kommunikasjon
Klasstrinn Obligatoriske fagval: Valfritt programfag (5 timar):
Vg1 Matematikk 1P eller 1T
Vg2 Matematikk 2P (3 timar) eller R1/S1 (5 timar) Mediefag: Grafisk design, tekst eller bilde. Realfag: Biologi 2 eller fysikk 1.
Vg3 Mediefag: Grafisk design, tekst eller bilde. Realfag: Biologi 1 , biologi 2, fysikk 1, geofag 1 eller 2, kjemi 1, teknologi og forskingslære 1.
Til toppen