Spesialundervisning i eiga gruppe, organiseringsform Grunnkompetanse i gruppe med redusert elevtal

Kven er tilbodet for?

Tilbodet er for elevar som lettare tileigner seg kunnskap gjennom praktisk arbeid, og som har behov for meir tilrettelegging enn elevane kan få i ordinære klasser. Opplæringstilbodet er knytt opp mot yrkesfaglege programområde med grupper som rettar seg mot Teknikk og industriell produksjon (TIP), Restaurant og matfag og Sal, service og reiseliv, der utplassering i bedrift er ein viktig del av opplæringa.

Skulen utarbeidar individuell opplæringsplan, IOP, for eleven med mål frå læreplanen i dei ulike fag ut frå kompetansenivå.

Målgruppe

Elevane som går mot grunnkompetanse i gruppe med redusert elevtal har ulike sosiale og/eller faglege utfordringar. Dei manglar karakter i meir enn halvparten av faga frå grunnskulen og har behov for eit meir tilpassa opplæringsløp enn eit ordinært skuleløp.

Mål med opplæringa

Målet er at eleven skal bli i stand til å delta i eit ordinært arbeidsliv som hjelpearbeidar, i arbeid med bistand eller på sikt som fagarbeidar. Intensjonen med opplæringa er at eleven skal få innsikt i kva krav og forventningar som vert stilt i arbeidslivet. Opplæringstilbodet skal gje eleven arbeidserfaring og tillit til eigne ferdigheiter, og utvikle gode samhandlingsstrategiar med tanke på framtidig arbeidsliv. Målet er også at eleven, saman med dei tilsette på avdelinga, skal finne ein jobb som dei meistrar og har interesse for.

Innhald i opplæringa på Bryne vgs.

Grunnkompetanse i gruppe med redusert elevtal ved Bryne vgs, tek utgangspunkt i læreplan for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma Teknikk og industriell produksjon (TIF) og Restaurant og matfag. I fellesfag bruker vi læreplanen for grunnskule og vidaregåande opplæring, med ei praktisk tilnærming.

Sentralt i undervisninga står opplæring gjennom arbeid og produksjon, kombinert med sosial trening. Det blir lagt vekt på kombinasjon av skule, arbeidstrening og utplassering i bedrift, med tanke på at eleven kan inngå opplærings- og arbeidskontrakt