Fråværsreglement

I vidaregåande skule er det ein regel om fråværsgrense.

Orientering om fråværsregelen

I vidaregåande skule er det ein regel om fråværsgrense.:Dersom du er borte frå eit fag i meir enn 10 prosent utan godkjent dokumentasjon, mister du karakteren i faget.

Skulen og elevar skal bruke det skuleadministrative datasystemet Visma In School (VIS) til å handtere fråvær og dokumentasjon av fråvær. Elevar registrerer sjølv planlagt framtidig fråvær i Inschool og lastar opp nødvendig dokumentasjon. Dokumentasjon som sjukemeldingar/annan dokumentasjon skal lastas opp digitalt i VIS.

Du mottek normalt varsel ved 5-8% fråvær i eit fag. Dette kjem i InSchool

Planlagt fråvær

Dersom du planlegg fråvær og vil søke om godkjenning av dokumentasjon, skal du søke i VIS under Fråvær og framtidig fråvær. Dette skal ikkje gjerast før ein har over 10% fråvær i eit fag. 

Søknad i InSchool må sendast i god tid og i dialog med kontaktlærar/avdelingsleiar.

Godkjent dokumentasjon

Godkjent dokumentasjon er legeerklæring eller dokumentasjon frå annan sakkunnig i form av brev eller e-post. 

SMS kan brukast som dokumentasjon, men det må vise namn, dato og klokkeslett i meldinga. All dokumentasjon skal lastas opp digitalt via InSchool.

Særleg om forseintkomming

For alle andre undervisningstimar enn skulen sin første undervisningstime for dagen, blir all forseintkomming rekna som fråvær frå timen.  

Lærer kan vise skjønn med omsyn til årsak til forseintkomming dersom forholda tilseier det. 

 

I spesielle tilfelle kan rektor bestemme at ein elev som har gått over grensa på 10 prosent, og ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon, likevel skal kunne få halvårsvurdering. Søknad om karakter i fag ved overskriden fråværsgrense. (DOCX, 15 kB)

Fagfråvær for ei økt i ulike fag

Standpunkt: Så mykje fagfråvær får du for ei økt:

2-timarsfag: ca. 2,5%

3-timarsfag: ca. 1,7%

4-timarsfag: ca. 1,3 %

5-timarsfag: ca. 1,1 %

 

Oversikt over ulike typar fråvær

Oversikt over ulike typar fråvær
Årsak til fråværDitt ansvarKva slags type fråværKorleis registrere det i VIS
Du er hos helsesjukepleiar, rådgjevar, avdelingsleiar, elevrådsmøte eller annan instans på skulenInformer faglærar og vis eventuell dokumentasjonSkal ikkje telle på fagfråvær eller blir ført på vitnemålet.R: Rettighetsfråvær
Du er hos tannlege, lege, psykolog eller liknande og er vekke enkelttimarVis dokumentasjon (for eksempel timebekreftelse) til faglærar eller kontaktlærarDokumentert fråvær. Det tel ikkje på fagfråvær, men blir ført på vitnemåletD: Dokumentert fråvær
Du har vanleg køyretimeGi beskjed til faglærar (og eventuelt kontaktlærar)Det tel som fagfråvær og blir ført på vitnemålet.M: Meldt fråvær
Du har ein av desse køyretimane: Sikkerheitskurs på bane (4t), dvs glattkjøring og sikkerhetskurs på veg (9 t), dvs langkjøring og kartkjøring eller førarprøve for klasse B (både teoretisk og praktisk prøve)Gi beskjed til faglærar (og eventuelt kontaktlærar). Legg inn dokumentasjon i VIS.Dokumentert fråvær. Det tel ikkje på fagfråvær, men blir ført på vitnemålet.D: Dokumentert fråvær
Du er sjuk - utan legeerklæringSend melding til kontaktlærar så fort du veit om fråværetDet tel som fagfråvær og blir ført på vitnemåletM: Meldt fråvær
Du er sjuk - med legeerklæringSend melding til kontaktlærar så fort du veit om fråværet. Legg inn dokumentasjon i VIS.Dokumentert fråvær. Det tel ikkje på fagfråværet, men blir ført på vitnemåletD: Dokumentert fråvær
Du er sjuk med kronisk sykdom som du alt har lagt inn legeerklæring i VIS om.Send melding til kontaktlærar så fort du veit om fråværet.Dokumentert fråvær. Det tel ikkje på fagfråværet, men blir ført på vitnemålet.D: Dokumentert fråvær
Du kjem for seint meir enn 9 minutt til første time (kl. 08.15)Sei i frå til faglærar når du kjem til timenDet tel som fagfråvær (45 minutt) og blir ført på vitnemålet.M: Meldt fråvær viss du har meldt frå før økta elles X: Udokumentert fråvær
Du kjem for seint til økta (2., 3. og 4. økt)Det tel som fagfråvær (45 minutt) og blir ført på vitnemålet.X: Udokumentert fråvær
Du er vekke utan å gi beskjed og utan nokon spesiell grunn, for eksempel forsoving eller skulk.Dette tel som fagfråvær og blir ført på vitnemålet.X: Udokumentert fråvær
Når ein har ein annan undervisningsstad enn på skulenInformer kontaktlærar/avdelingsleiar i god tidDette tel ikkje som fagfråvær og blir ikkje ført på vitnemåletUndervisninga er flytta til ein annan stad utanfor skulen etter avtale med kontaktlærar/avdelingsleiar