Oppfølgingsbasen i Rogaland

Bryne vidaregåande skule har ansvar for Oppfølgingsbasen i Rogaland. Dette er eit tilbod om tilpassa opplæring for deg som har vore i kontakt med Kriminalomsorga, og som har gjennomført eller er i gang med soning.

Oppfølgingsbasen vil leggje til rette for at du kan kome i gang med eller fullføre utdanning. Det kan handle om både grunnskule, vidaregåande skule eller universitet og høgskule. Du vil også få ein rådgivingssamtale for å finne den utdanninga som passer best for deg. 

Oppfølgingsbasen i Rogaland held til i Byfjordparken i Stavanger. Her vil du få individuelt tilpassa opplæring i fine lokale. Ta kontakt for meir informasjon på e-post eller telefon.