Informasjon om elevparkering på Bryne vgs. skuleåret 2023/24

På skuleområdet til Bryne vgs er det berre mogleg å parkere 2-hjulingar, det vil seie sykkel og moped/motorsykkel. Desse kan stå på plassar som er merka med skilt. Parkering utføre dette oppmerka området fører til køyretøyet vert taua bort.

Elevar som har andre køyretøy i kategorien 4-hjulingar, slik som ATV/UTV, mopedbil, traktor eller liknande, må finne parkering utanom skulen sine plassar. Dei kan til dømes kjøpe parkeringsløyve på Bryne stadion sin parkeringsplass til studentpris for 500 kroner i månaden.  Sjå lenke frå Bryne fotballklubb for kjøp av parkering: Nytt parkeringssystem på stadion / Bryne FK

Skulen oppfordrar alle som kan til å bruke kollektiv transport til Bryne vgs, då det er mangel på parkeringsplassar i Bryne sentrum.