Meld frå om mobbing

Dette er ein elektronisk varslingskanal for elevar, foreldre og føresette.

Du kan varsle om at du sjølv, eller ein annan elev opplever å ikkje ha det trygt og godt på skulen. Det kan for eksempel vere mobbing, vald, diskriminering, trakassering, utanforskap eller andre forhold.

Du treng ikkje bruke den elektroniske varslingskanalen. Du kan òg sei i frå til ein som jobbar på skulen muntleg, på telefonen eller på e-post. Det veljer du sjølv.

(Klikk på Direkte til skjema på neste side)

Elektronisk varslingskanal


Etter at du har meldt frå om at du ikkje har det bra, skal skulen ta kontakt med deg. De skal i samarbeid lage ein aktivitetsplan med tiltak for å sikre at du får eit trygt og godt skulemiljø. Det er skolen sitt ansvar at dette blir gjort, men det er viktig at du forklarer kva du meiner er vanskeleg og kva du trur kan hjelpe for å løyse problemet.

Husk at alle elevar har krav på eit skulemiljø som fremmar helse, trivsel og læring. Dette står i opplæringslova § 9A-2. Om du eller ei annan elev opplev å ikkje ha det trygt og godt på skulen, er skulen forplikta til å hjelpe.

Til toppen