Bestilling
Send ein e-post med namn, telefonnummer, årstalet du gjekk ut av skulen og kva for eit programområde du gjekk på til
bryne-vgs@skole.rogfk.no
Behandlingstid
Det kan ta opp mot 2 veker å få laga ny dokumentasjon. Bestillingar som kjem etter 9. juli vil først bli behandla etter 10. august.
Levering
Når du får melding om at vitnemål/kompetansebevis er laga, kan du hente dette i informasjonen på Bryne vgs (2.etasje i A-bygget) eller du kan be om å få det sendt som post.
Time vgs og Bryne vgs
Elevar frå Time vgs og Bryne vgs før samanslåinga bestiller vitnemål og kompetansebevis på same måte.
Vg4 påbygg
Elevar som tar Vg4 påbygg har allereie eit vitnemål. Dokumentasjon på gjennomført og bestått Vg4 påbygg skal førast på det gamle vitnemålet, slik at alt blir samla på eit vitnemål. Dersom du har tatt fagbrev i Rogaland vil skulen lage nytt vitnemål til deg. Har du tatt fagbrev utføre Rogaland, må du sjølv kontakte den gamle skulen din for å få nytt vitnemål. Dersom du har bestått yrkesfagleg utdanning med vg3 i skule (f.eks helsesekretær, hudterapi, apotekteknikar e.l.), er det skulen som har skrive ut det første vitnemålet, som har ansvar for å føre på faga frå vg4 på eit nytt vitnemål. Du har sjølv ansvaret for å ta kontakt med den tidlegare skulen for å be om at dei lager eit nytt vitnemål til deg. Vitnemålet vil bli lasta opp automatisk til Samordna opptak. Du har sjølv ansvar for å sjekke at vitnemålet er på plass hos Samordna opptak før dokumentasjonsfristen går ut 1. juli.