Skriftleg eksamen

Viss du er elev, blir du automatisk oppmeld til skriftleg eksamen.

Privatistar må melde seg opp til eksamen på Privatist.

Eksamenslokale

Skulen har fleire bygg, og fleire av desse blir brukte til skriftleg eksamen. 

I haustsemesteret  er alle skriftlege eksamenar i bygg A (Hetlandsgata 27).

I vårsemesteret blir både bygg A og bygg D (Brynehallen) brukt som eksamenslokale. 

Du vil få informasjon om kor du skal ha eksamen.

Parkering

Skulen har ikkje parkeringsplassar til dei som skal ta eksamen.

Oppmøte 

Oppmøtetid til skriftleg eksamen er kl. 08.15. Eksamen startar kl. 09.00.