Elevrådsstyret
Elevrådsstyret :
Elevrådsleiar: Aud Solheim
Nestleiar: Tuva Retterholt Berge
Sekretær: Sandra Kristensen
Rettighetsansvarleg: Ella Marie Mongstad
Trivselsansvarleg: Tahir M. Zikrulla, Marius S. Hetland og Alex Helmsgård
SoMe-ansvarleg: Oda Karoline Nord-Varhaug Ånestad
Kantineansvarleg: Christoffer Wick
Publisert 22.10.2019 09.35
Sist endra 19.04.2022 14.03
Tillitseleven
Det skal veljast tillitselevar i alle klassar i starten av skuleåret. Tillitselevane representerer klassen i avdelingselevrådet, og i saker som klassen vil ta opp med lærarar eller med leiinga på skulen. Han/ho har ansvar for klassens time i samarbeid med kontaktlærer.
Avdelingselevråd
Kvart utdanningsprogram har sitt avdelingselevråd. I avdelingselevrådet sit tillitselevane frå kvar klasse.
Elevrådsstyret er sett saman av leiarane i avdelingselevråda.
Bryne vgs. er medlem av Elevorganisasjonen som held kurs og støtter elevrådet med EO-fondmiddel til ulike aktivitetar. Representantar frå elevrådet deltek også på Elevtinget ein gong i året.
Elevorganisasjonen
Elevrådskurs og temadagar
Det blir arrangert kurs for tillitselevar i oppstarten av kvart skuleår, i regi av elevrådstyret i samarbeid med EO. Her lærer tillitselevane å drive elevrådsarbeid.
I løpet av skuleåret har elevrådet temadagar som tar opp saker som elevane er opptekne av. Målet med desse dagane er ein betre skulekvardag for alle
Kontakt
Lurer du på noko? Kontakt elevrådsleiar Aud Solheim
Elevrådet har eiga Facebook-side
https://www.facebook.com/bryneelevrad/
Kontaktpersonar frå tilsette/leiing:
Hege Børretzen Rame
Klaus Beschel