Lejla Obradovic
Kva jobber mangfaldsrådgjevar med?
IMDi sine mangfaldsrådgjevarar jobber for at unge menneske skal kunna bestemme over sine eigne liv. Uavhengig av kva land du kjem frå, etnisitet, religion, kjønn eller seksuell legning har alle som bur i Norge rett til å leve eit fritt liv og krav på vern mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og andre former for vald.
Alle har rett til å vere seg sjølve og til å fritt kunne velje venner, klede, kjærast, yrke, religion, politisk tilhøyrsle, seksuell legning og ektefelle. Når unge opplever så sterk kontroll at det bryt med retten deira til frie liv, vert det kalla negativ sosial kontroll.
Mangfaldsrådgjevaren har taushetsplikt. Du kan prate med henne om det du tenker på. Ho lytter og kan gje deg råd og hjelp.
Mangfaldsrådgjevaren kan gje deg informasjon om kva for rettar du har, og du kan også snakke om rasisme og diskriminering.
Kontakt mangfoldsrådgjevar dersom du eller ein ven
· ikkje får lov til å ta val som er vanlege for ungdommar på din alder
· har strenge grenser heime
· opplever sterkt sosialt press og høge forventningar
· lever et dobbeltliv
· mistrivest på skulen grunna negativ sosial kontroll
· synest det er utfordrande å leve med fleire kulturar samtidig
· er bekymra for ei reise til utlandet
· er redd for å bli forlova eller gifta bort
· frykter og/eller opplever vold, truslar eller tvang
· har spørsmål om kjønns- og seksualitetsmangfald, rasisme eller diskriminering
I tillegg til å jobbe direkte med ungdom, tilbyr mangfaldsrådgjevar rettleiing og kompetanseheving til hjelpeapparatet og tilsette på skulen.

Kor finn du mangfaldsrådgjevar?
Lejla sit i bygg A , i gangen ved elevtenester, rom A.2.067
Kontaktinformasjon:
Tlf: 47487062
Epost: lejla.obradovic@skole.rogfk.no / lejo@imdi.no