Bryne vidaregåande skule har eit miljøteam som består av miljøterapeutar og fagarbeidarar.
Du vil møte dei i einskilde klassar, i fellesområda på skulen, og ikkje minst på miljøromma i B-bygget (B1009) og C-bygget (C2005). Hit kan du kome i pausane, for ein prat eller kanskje for å vere med på ein aktivitet saman med andre.
Makerspace i bygg A (A3018) vert også låst opp i pausar og holtimar, og kan brukast av elevar.
Publisert 15.01.2025 10.25
Sist endra 15.10.2026 13.56
Kva gjer miljøteamet?
Miljøteamet arbeider for eit godt psykososialt skulemiljø, og samarbeider med lærarar og elevar om eit godt læringsmiljø. Me er synlege i skulemiljøet og ønskjer å vere lett tilgjengelege for alle på skulen. Me samarbeider også med andre ressurspersonar, som rådgjevarar, helsesjukepleiarar og PP-tenesta. Teamet arbeider førebyggjande mot mobbing, utfordringar knytte til rus og annan uønska åtferd. I kvardagen vil du kunne ta del i sosiale aktivitetar som miljøteamet organiserer.
Kva kan miljøteamet hjelpe deg med – eller kva kan du snakke med oss om?
Av og til kan det vere godt å snakke med nokon om det som kan påverke kvardagen og opplæringa di. Vi er opptatt av å vere trygge vaksne som du enkelt kan nå og gjere avtale med, uansett kva du treng hjelp til. Eksempel på dette kan vere:
- Generelle samtalar
- Støtte og rettleiing i mobbesaker
- Sosiale aktivitetar i pausar
- Førebyggande arbeid knytta til bruk av rusmiddel og kriminalitet
- Legge til rette for eit godt skolemiljø
- Rettleiing individuelt og i grupper
- Ved behov for hjelp utover det me kan gje på skulen, gir me råd om kven du kan oppsøke eller bli vist til.
- Andre område
Korleis kan du nå miljøteamet?
Miljøteamet er tilgjengeleg måndag – fredag i tida 07.45 – 15.15, gjennom hele skoleåret.
For å kontakte oss kan du kome innom miljørommet, ta kontakt når du ser oss i fellesområda, send oss melding i teams eller be lærar om å ta kontakt.
NB! Ikkje send sensitive personopplysingar på SMS eller e-post.
Kven er me?
Miljøteamet på Bryne vgs.
Bygg A
Heidi Solveig Stornes
Bygg B
Åse Moi
Sisilie Solbakken
Kirsten Pollestad Heskje
Iren Undheim Øgreid
Camilla Sandven-Huth
Hilde Meinich-Bache
Anna Søyland
Bygg C
Maiken Grannes
Mariann Aga
Jane Helen Jelsa
Aina Amalie Nordås
Innføring
Hilde Høyland Moen