Studieverkstad

Studieverkstaden er for deg som kan ha nytte av tilpassa undervisning i fag som til dømes norsk, engelsk, framandspråk og matematikk i delar av skuleåret. 

Målet med studieverkstaden er at du skal bestå alle faga i utdanningsprogrammet du er i gang med. 

Korleis søke plass? 

Det er faglærar som søker om plass på studieverkstaden for deg. Søknaden skal leverast til koordinatorane for studieverkstaden.

 

Kor er studieverkstaden?

Studieverkstaden held til ved biblioteket, i 2. etasje i bygg A. 

Korleis fungerer det?

Når du får plass på studieverkstaden, får du undervisning i faget på eit nivå som passar for deg.

Kanskje er det eit spesielt emne i faget du synest er vanskeleg, eller kanskje treng du hjelp til å førebu ei vurdering.

Undervisninga varer i omlag 6 veker, før du går tilbake til klassen igjen.

Lærarar på studieverkstaden:

Kim Hartvig  

Kim Hartvig

Matematikk

Inger Løvslett  

Inger Løvslett

Matematikk og naturfag

  

Ørjan Sele Handegård

Matematikk og naturfag

 

Anja Schubert 

Anja Schubert

Tysk og fransk

  

Synnøve Levang

Norsk, engelsk og samfunnskunnskap

Berit Hetland Nersten 

Berit Hetland Nersten

Norsk, engelsk, historie og samfunnskunnskap

 

    

Åsill Time

Engelsk 

   

Ann Kristin Tokheim Allaico

Engelsk, spansk og religion

Til toppen