Kjeldekritikk

Elever i klasserom - Klikk for stort bilde 

Når du har funne informasjon som du er usikker på om du kan stole på, er det lurt å stille seg nokre spørsmål, for å vurdere om kjeldene er til å stole på.

 

TONE kan vere ein grei huskeregel:

Truverdig

Kva veit du om forfattaren? Utdanning og stilling?

Finn du kontaktinformasjon?

Objektiv

Er meininga med informasjonen å informere?

Vil forfattaren overbevise, selje noko eller overtale?

Nøyaktig

Kor tid blei kjelda oppdatert?

Viser forfattaren til kjelder?

Finn du same opplysningar i andre kjelder?

Eigna

Er informasjonen relevant for oppgåva di?

Forstår du informasjonen du vil bruke?

 

Bibliotekarane  held kurs i kjeldekritikk for klassar, og kan hjelpe deg med å vere kjeldekritisk viss du lurer på om du kan stole på ei kjelde.

Til toppen