Velkommen som elev!

Varmt velkommen til Bryne vidaregåande skule! Me er svært takksame for at du har valt å ta utdanninga di hjå oss og me skal gjere vårt beste for at du skal trivast og læra mykje om både fag og livet elles.

Det er viktig for oss å bli godt kjend med deg og difor bed me om at du førebur deg godt til startsamtalen du skal ha med kontaktlærar første veka. Der kan du ta opp saker som er viktige for deg at me veit.

Eg ynskjer deg ein fin ferie og gler meg til å ønske deg og dine medelevar velkomen onsdag 16.august.

Mbh rektor Ingunn Folgerø

Her finn du litt praktisk informasjon og lenker som kan vere nyttige i oppstarten:

Bryne vidaregåande er ein av dei største skulane i landet, med omlag 2200 elevar og 350 tilsette. Her finn du meir informasjon om skulen.

Undervisninga føregår i seks ulike bygg. Her er oversikten over dei ulike bygga. I første etasje av a-bygget ligg hovudkantina vår. Her er det mykje god mat til rimelege prisar. Dei har gratis havregrøt til elevane frå kl 07.30-08.15 kvar dag. 

Første skuledag dette skuleåret er onsdag 16. august. Her finn du planen for kor og når dei ulike klassane skal møte: Oppmøte første skoledag 2023 (DOCX, 16 kB). Alle elevar vil få SMS om kva for eit rom dei skal møte i. Skuleruta for 2023 24 finn du her. Elevar som startar på vg1 vil i løpet av hausten reise på klassemiljøtur

Når du er elev hos oss, treng du din eigen datamaskin. Me tilbyr støtte til kjøp av PC eller mac gjennom PC-ordninga Elevane har tilgang til brukarhjelp på skulen. Dei har kontor i 2. etasje av a-bygget. 

Som elev har du rett til å låne lærebøkene du treng gratis. Før du skal låne bøker, fyller du ut og signerer eit avtaleskjema (DOCX, 46 kB). Viss du er under 18 år, treng me at foreldre/føresette skriv under. Her kan du lese meir om lærebokordninga.

Informasjonen på skulen held til i 2. etasje av a-bygget. Her kan du mellom anna få hjelp med Lånekassen, skuleskyss, heiskort og ulike søknadar.  Alle elevar med ungdomsrett, kan få utstyrsstipend frå Lånekassen. Les meir om dette her

Er det elles noko du lurar på, så kan du gjerne kontakte leiargruppa ved skulen. 

Artikkelliste