Skulebevis

På Bryne vgs bruker me applikasjonen PocketID som skulebevis for elevane.

Slik bruker du PocketID:

1. Gå til App Store eller Google Play og last ned PocketID som mobilapplikasjon.

2. Opne applikasjonen PocketID og vel Rogaland Fylkeskommune.

3. Logg på med Feide-pålogging (pålogginga du bruker for å logge på skulen sitt nett/It`s Learning).

4. Viss du har blitt fotografert på skolefotograferinga, vil du få du opp bildet av deg. Du må stadfeste at det er rett bilde.

5. Viss du ikkje har vore med på skulefotografering, får du opp ei melding om at du må ta eit nytt bilde eller laste opp eit bilde du har på mobilen. Her er det viktig at du følger framgangsmåten på applikasjonen.

Ta kontakt med Informasjonen i Bygg A viss det ikkje fungerer slik det skal. 

Til toppen