Skuleskyss

Du kan ha rett til gratis skoleskyss om du bur i eit område med eit dårleg rutetilbod.

Eit av desse kriteria må vere oppfylt:

  • Du bur utanfor ungdomspass-sona, og skulevegen er over seks kilometer.
  • Du er over 22 år, og skulevegen er over seks kilometer.
  • Du må bruke båt til skulen.

Du må søkje om å få gratis skuleskyss. Du må søkje via Min Skyss.

Skuleskyss for elevar i vidaregåande skular.
 

Ofte stilte spørsmål om skuleskyss

Tilrettelagt skuleskyss

Elevar med varig eller kortvarig funksjonsnedsetting eller sjukdom har rett på skyss mellom skule og heim uavhengig av reiselengde.

Retten gjeld kun om skyssbehovet kan dokumenterast med attest frå lege, psykolog eller spesialpedagog.

Tilrettelagt skuleskyss

Har du ikkje rett på fri skuleskyss?

Elevar som bur innanfor ungdomsbillett-sona (innanfor det raude feltet) må kjøpe Ungdomsbillett, som er rimelegaste alternativ for ungdommar frå og med 15 år til og med 22 år. Billetten kostar 299 kroner per månad og er gyldig i 30 dagar.

Du har fylgjande moglegheiter til å kjøpe ungdomsbillett:

• I mobilappen «Kolumbus Billett»

• På nettsida til Kolumbus.no

Det er Kolumbus som organiserer skuleskyss, på vegne av skulane og Rogaland fylkeskommune.