Skulebygga

Undervisninga på skulen føregår i seks ulike bygg.

 Skulebygg - Klikk for stort bildeBygg A 

Bygg A

Hetlandsgata 27 ligg like sør for Høghuset og Garborgsenteret.

Programområda Studiespesialisering, Medier og kommunikasjon og Idrettsfag held til i dette bygget, saman med kantine, administrasjon, IKT, bibliotek og rådgjevarar. 

Skulebygg - Klikk for stort bildeBygg B 

Bygg B

Hetlandsgata 29 ligg like ved sida av Bygg A og er knytt saman med dette bygget med bruer i 2. og 3. etasje.

I dette bygget er det undervisningsrom for Restaurant og matfag, Service og samferdsel og Helse- og oppvekstfag.

  Skulebygg - Klikk for stort bildeBygg C 

Bygg C

Trallfavegen 2 ligg like ved sida av Bygg A og B.

Her finn du undervisningslokale for Kvardagslivstrening, Bygg- og anleggsfag og Teknikk og industriell produksjon.

 Bilde av skulebygg - Klikk for stort bildeBygg D 

Bygg D (Brynehallen)

Skulegata 31. Idrettshall.

Kroppsøving og Idrettsfag har undervisning her.

Brynehallen blir også brukt ved eksamen.

Det er om lag 10 min å gå og 8 min å kjøre frå dei andre bygga til Brynehallen.

Vegbeskrivelse Brynehallen

 Bilde av inngangsparti til idrettshall - Klikk for stort bildeBygg E 

Bygg E (Timehallen)

Trallfavegen 4. Idrettshall, som ligg 100 meter frå Bygg B.

Kroppsøving og Idrettsfag har undervisning her.

Kirsten Brynes veg 30 - Klikk for stort bildeBygg F 

Bygg F 

Kirsten Brynes veg 30. Lokala blei tidlegare brukt av NAV Time.

Vaksenopplæringa, ein innføringsklasse og Arbeidstrening bruker desse lokala.

Til toppen