Skulen si historie

Frå 1.august 2014 vart Bryne vidaregåande skule og Time vidaregåande skole slått saman til ein skule, Bryne vidaregåande skule. 

 

 

Bryne vidaregåande skule vart etablert som Rogaland Landsgymnas i 1924. Rogaland Mållag var sterk pådrivar til at skulen vart etablert og var saman med mellom anna lokale mållag, kommunar og bygdeungdomslag med på å finansiere skulen dei første åra. Skulen fekk ikkje eige bygg før i 1946. Staten tok over skulen i 1947, og namnet blei endra til Rogaland offentlege Landsgymnas. Skulen vart utvida med ny klasseromsfløy og vinkelbygg i begynnelsen av 60-talet, og i 1964 vart idrettshallen ferdig. I 1965 tok Rogaland fylke over skulen, og skulen fekk sitt tredje namn: Bryne Gymnas. I samband med vesentlege endringar i strukturen for vidaregåande opplæring i 1974, vart namnet endra til Bryne vidaregåande skole. Første i 1994 fekk skulen namnet skulen har i dag då "skole" i det offisielle namnet vart endra til "skule". 

Bryne tekniske kveldsskule starta i 1943, og gav tilbod til vaksne frå yrkeslivet som ønskte å utvide kompetansen sin. Frå 1946 tok kommunen over ansvaret,  og skifta namn til Bryne lærlingeskule. Denne skulen heldt fram i Bryne yrkesskule som starta opp hausten 1964. Skulen tilbaud opplæring innan seks linjer: Sveis- og konstruksjon, jern- og metall, elektro, og kjole- og draktsaum. Etter fleire år i leigde lokale, vart alle linjene samla under same tak som Bryne handelsskule i nytt bygg på Rosseland i 1972.

Som Rogaland landsgymnas, vart også Bryne handelsskule starta opp av målrørsla, hausten 1957. Dei tilbaud frå starten halvårige, og etterkvart eittårige, dagkurs i handelsfag. 

Bryne yrkesskule og Bryne handelsskule utgjorde kjernen i Time vidaregåande skule, som starta opp i 1976

Kjelde: Time gard og ætt (2004)