Moglege fagval på idrettsfagSom elev på idrettsfag på Bryne vidaregåande skule har du moglegheit til å ta enkelte realfag. Publisert 19.12.2019 15.09 Sist endra 05.08.2023 20.00 I vg2 kan du velje matematikk R1 eller S1, og du kan velje vekk eitt idrettsfag (breiddeidrett, toppidrett eller friluftsliv) og ta fysikk 1 eller biologi 1. I vg3 kan du velje å ta matematikk R2 eller biologi 1 i staden for eitt idrettsfag (breiddeidrett, toppidrett eller friluftsliv). Med R1, R2 og fysikk 1 kvalifiserer ein til å studere ved mange realfagsstudium som t.d. ingeniørfag. Moglege fagval på idrettsfag: Moglege fagval for idrettsfagKlassetrinnObligatoriske fagval:Valfritt programfag (5 timar):Vg1Matematikk 1P eller 1TToppidrett eller breiddeidrett Vg2Matematikk 2P (3 timar) eller R1/S1 (5 timar)Toppidrett, breiddeidrett, friluftsliv, fysikk 1 eller biologi 1 Vg2Toppidrett, breiddeidrett, friluftsliv, matematikk R2 eller biologi 1.