Du må ha gjennomført norsk grunnskule eller tilsvarande frå heimlandet eller vera utskrivne frå norsk grunnskule for å kunne starte i innføringsklassane. Kurset er berekna for elevar mellom 16 og 24 år som har ungdomsrett
Du lærer
- Du får undervisning i faga norsk, matematikk, engelsk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving.
- Undervisningstida er 30 timer i veka.
- Du får låne PC på skulen.
Dette må du ha for å søke om plass
- Vitnemål frå norsk grunnskule, eller grunnopplæring i utlandet i minst ni år
- Gyldig opphaldsløyve i Noreg
- Folkeregisterregistrert adresse i Rogaland
Korleis søke om plass?
Du må sende søknad til inntakskontoret i Rogaland fylkeskommune.
Fyll ut og bruk søknadsskjema
Søknadsfrist er 1. februar.
Vi kan ta opp fleire elevar gjennom året om det er plass.
Du kan få meir informasjon ved å ta kontakt med avdelingsleiar Jan Njærheim tlf. 97701151 - eller med opplæringsavdelinga i Stavanger.
Kor lenge kan du gå i innføringsklasse?
Du har rett til særskilt norskopplæring til du har nådd eit nivå som gjer at du kan følgje opplæringa i ordinære klassar. Dette står i Opplæringslova § 3-12.
Du kan gå i innføringsklasse i inntil to år. Fire gonger i året er det kunnskapstestar. Når du er på nivå B1 (etter den europeiske språkstandarden) kan du søke om plass på ett av utdanningstilbuda i videregående opplæring. Du kan også få tilbud om å hospitere på det utdanningsprogrammet du ønsker.
Kven får tilbud om innføringsklasse?
Tilbodet er bare for deg som har rett til utdanning i vidaregåande skule, og som har ein plan om å gjennomføre vidaregåande opplæring etter norskopplæringa.
Elever som ikkje skal ta vidaregåande skule må ta kontakt med vaksenopplæringssentreret i kommunen der du bur.