Påbygging til generell studiekompetanse

Ønskjer du å studere vidare etter yrkesfagleg utdanning? Påbygging til generell studiekompetanse gjer det muleg for deg å søkje opptak til dei fleste studiar ved universitet og høgskular. 

Du kan søkje om påbygging til generell studiekompetanse etter at du har fullført og bestått to år på yrkesfag.
Det er òg muleg å søkje om å ta påbygging etter at du har tatt fagbrev. Dette er eit utdanningsløp med færre timar og fag enn ordinær påbygging.

Påbygging til generell studiekompetanse er eit teoretisk skuleår og sett krav til eigeninnsats. Det betyr at du bør ha evne og lyst til å arbeide med teoretiske fag.

Kvifor velje Bryne?

Bryne vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i landet. Me har eit dynamisk kollegium og er ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring. 

Me har fleire parallelle klassar innan påbygging. I tillegg har me mange parallelle klassar innan studiespesialiserande programområde på kvart trinn. Med så mange elevplassar, har me eit svært breitt fagtilbod innan valfritt programfag.

Påbygging til generell studiekompetanse - Vg3 påbygg

Du kan søkje påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Det betyr at du fortsett opplæringa for å få generell studiekompetanse.

Påbygging til generell studiekompetanse - Vg4 påbygg

Dette tilbodet er for deg som har oppnådd yrkeskompetanse med eller utan fag- og svennebrev. Det betyr at du går på skule eit fjerde år for å få generell studiekompetanse.

Du må søkje om å gå påbygging til generell studiekompetanse, og du søkjer i Vigo.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er den same som for videregåande opplæring.

Til toppen