Biologi 1 og 2

Du kan velje Biologi 1 og 2 som programfag på Bryne.

Kvifor velje biologi 1 og 2?

Vi menneske har alltid vore avhengige av kunnskap om naturen for å overleve. Kunnskap innan biologi omfattar alt frå det underlege som skjer på mikronivå i cellene våre, til det store samspelet mellom økosystema på jorda vår. Vi finn stadig ny kunnskap innan dei ulike fagområda i biologi.

Faget biologi handlar mykje om å bruke vår fagkunnskap til å beskrive og forstå nye fenomen, skape kunnskap og delta med fagleg relevant kompetanse i debatten i samfunnet. Det hjelper deg å forstå meir om din eigen kropp og du får kunnskap som gjer at du kan forstå viktige samanhengar innan kultur og natur.

Mykje av det du lærer vil du også kunne bruke i andre fag som kjemi, fysikk og psykologi. Det er eit fag du garantert vil ha glede av og som du får bruk for no og seinare i livet.

Kva lærer du i biologi 1?

Læreplanen i Biologi 1 tar opp mange tema som er interessante for elevar i vidaregåande skule, som til dømes: Bakteriar og virus, immunsystemet, hormon, nervesystemet, planter og dyr sine funksjon og tilpasningar, biologisk mangfald og miljøutfordringar.

Eit viktig mål med faget er å bruke kunnskapen på aktuelle problemstillingar, som til dømes:

  • Kva skjer i kroppen din når du er sjuk?
  • Bruk av antibiotika i matproduksjon og helsebehandling.
  • Klimamål, lokalt og globalt engasjement.
  • Konsekvensar av auka utslepp av miljøgassar og miljøgifter.
  • Rusmidler påverker nervesystemet vårt.

Kva lærer du i Biologi 2?

Læreplanen i Biologi 2 tar opp mange tema som er interessante for elevar i vidaregåande skule, som til dømes: Genetikk, bioteknologi, celleanding, enzym, økologi, biologisk mangfald og miljøutfordringar.

Eit viktig mål med faget er å bruke kunnskapen på aktuelle problemstillingar, som til dømes:

  • Fordelar og ulemper med bruk av bioteknologi.
  • Klimamål, lokalt og globalt engasjement.
  • Konsekvensar av auka utslepp av miljøgassar og miljøgifter.
  • Helse og livsstil kan påverke gener og sykdomsbilete i livet vårt.
  • Konsekvensane av vår livsstil på miljø, artsmangfald og artene sin overlevelse.
  • Korleis har mutasjoner prega kulturen og utviklinga vår.
  • Vurdere fagleg nye publiseringar og fagleg kritisk bruk av ulike kilder i læringsutviklinga 

Det er ikkje binding mellom Biologi 1 og Biologi 2. Du kan difor ta Biologi 2 utan å ta Biologi 1, men det er ein stor fordel å ha begge faga. Dette vil gi deg solid og brei biologifagleg bakgrunn for studiar innan biologi eller andre relevante fagområder.

Realfagspoeng

Biologi 1: gjev 0,5 realfagspoeng.
Biologi 2: gjev 0,5 realfagspoeng.

Standpunktvurdering

Biologi 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Biologi 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen

Biologi 1: Eleven kan trekkast ut til ein munnleg-praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.

Biologi 2: Eleven kan trekkast ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg-praktisk eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg-praktisk eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Munnleg-praktisk eksamen skal ha førebuingsdel.