Fysikk 1 og 2

Du kan velje Fysikk 1 og 2 som programfag på Bryne. 

Kvifor velje Fysikk 1 og Fysikk 2

Fysikk består av to programfag: Fysikk 1 og Fysikk 2. Begge er på 5 veketimar. Dei fleste tek Fysikk 1 på VG2 og Fysikk 2 på VG3.

Menneske har alltid vore nysgjerrige på naturen, og stilt spørsmål til den: Kvifor fell eplet rett mot bakken? Kvar kjem alle dei ulike stoffa me har rundt oss frå? Korleis fungerer ei varmepumpe? Slike spørsmål om fenomen me observerer og metoden me bruker for å svare på dei spørsmåla, er fysikk. Fysikkfaget bidreg til forståing av natur, universet, teknologi og alle relaterte fenomen.

Faget nyttar matematikk til å modellera og beskriva røynda. Matematikken som blir brukt krev ikkje toppkarakter frå tidlegare mattefag, men matematiske problemstillingar vil oppstå. Med andre ord: Slit du med matematikk frå VG1, bør du tenke nøye gjennom om fysikk er programfaget for deg.

Gjennom forsøk, observasjonar, diskusjon og teoretisk arbeid vil fysikken svare på mange spørsmål me kan stille til naturen; frå dei minste byggjesteinane til heile universet.

Programfaget gjev auka innsikt i naturvitskapleg tankegang. Spesielt Fysikk 1 er (per dags dato) krav for fleire studiar i høgare utdanning.

Kunnskap om fysikk lærer me gjennom å stille spørsmål og prøve å svare på dei spørsmåla: gjennom forsøk, diskusjon, grubling og teori. Det føreset i fysikk – som i alle andre fag – jamt arbeid gjennom heile året for å lukkast.  

Kva lærer du i Fysikk 1?

Faget gjev ei god innføring i arbeidsmetodar og tenkjemåtar ein fysikar har. Gjennom å lære om emne som energi, krefter, rørsle og universet får du arbeide både praktisk og teoretisk. Samanhengen mellom desse tilsynelatande ulike emna vil bli tydelegare, jo meir fysikk du lærer. I faget undersøker me alt frå modellar for atomet til modellar for prosessar i stjerner. Me studerer rørsler til biler, kuler, eple og menneske, og kva som påverkar desse rørslene. Me utforskar kva som ligg i omgrepa «temperatur» og «varme». Me ser på kva som skapar elektrisitet, og korleis me kan nytte elektrisitet. Me gjer også forsøk på å lage ein god modell av klima for kloden vår.

Kva lærer du i Fysikk 2?

I Fysikk 2 går du djupare i rørsler, krefter og energiovergangar enn kva som blir gjort i Fysikk 1. Klassisk mekanikk lærer oss blant anna korleis me kan få ein rakett til Mars, og moderne fysikk lærer oss blant anna kvifor ein person som reiser med høg fart vil eldast seinare enn ein person som er igjen på jorda basert på teori om relativitet. I Fysikk 2 lærer du også om fysikken bak ein elmotor, og meir om samanheng mellom elektrisitet og magnetisme. Fysikk 2 gjev også ei innføring i kvantemekanismen, som er den gjeldande teorien for dei minste partiklane som finst. I Fysikk 2 får du også høve til å utforske ei sjølvvald problemstilling, med eigenvald framgangsmåte, forsøk og teori.

Matematikken i Fysikk 2 er meir krevjande enn i Fysikk 1.

Fordjupingspoeng

Fysikk 1 gjev 0,5 realfagspoeng.

Fysikk 2 gjev 1 realfagspoeng.

Standpunktkarakter

Fysikk 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Fysikk 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen

Fysikk 1: Eleven kan trekkast ut til ein munnleg-praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Fysikk 2: Eleven kan trekkast ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg-praktisk eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg-praktisk eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Munnleg-praktisk eksamen skal ha førebuingsdel.