Geofag 1 og 2

Du kan velje Geofag 1 og 2 som programfag på Bryne.

Kvifor velje Geofag 1 og 2?

Geofag handlar om å forstå jordsystema, både korleis dei verkar saman og kvar for seg, og korleis dei formar jorda over tid. Geofaglege undersøkingar i faget skal bidra til at du utviklar ei heilskapleg forståing av jorda som system og mennesket sin plass i jordsystema. Vidare skal faget bidra til kunnskap om korleis menneska kan påverke og leve med klimaendringar og naturfarar, og bidra til ei meir bærekraftig ressursutnytting. Fordjuping i geofaglege problemstillingar førebur deg til vidare studiar og deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Geofag er enkelt og greit læra om jorda og prosessane som former henne.

Geofag 1 bygger vidare på naturgeografi og enkelte tema frå naturfag. Det er difor ein fordel at du har god kontroll på desse faga før du begynner eller at du les deg opp parallelt. Det kan også vera ein fordel å ta andre realfag, men det er ikkje eit krav. Dersom du vel å gå vidare med Geofag 2 får du fordjuping i Geofag.

Kva lærer du i Geofag 1?

  • å observere, beskrive og kjenne igjen bergartar og landskapsformer
  • å forstå vannet sitt kretslaup og årsaker til endringar i vêr og klima
  • du lærer om skred, jordskjelv, tsunamier og vulkanutbrot, samt årsaker til ekstrem flom og tørke
  • praktisk arbeid – både på skulen og ute i nærområdet. Du skal lære å hente ut informasjon frå feltarbeid, geologiske kart, satellittbilete og statistikk, og videre bruke dette til geoforsking
  • du skal bruke det du lærer i geofag til å utforske fleire ulike geofaglege tema gjennom skuleåret, og du vil bli godt kjent med dei geofaglege forholda i nærområdet

Kva lærer du i Geofag 2?

Geofag 2 er et realfag med mange spennende tema. Faget baserer seg på en fordypning av naturgeografien du hadde i VG1. Geofag 2 tar for seg emner som klimaendringer, havstrømmer, ozonlaget, dannelsen av olje og gass, fornybare energikilder, berggrunnen, ferskvann som ressurs og værvarsel. Faget har også stort fokus på at du skal være en aktiv elev som utforsker geofaglige forskningsmetoder.

Det er ikke binding mellom geofag 1 og 2. Det betyr at du kan ta geofag uten, samtidig eller etter geofag 1. Ved å ta geofag 1 og geofag 2 vil du får fordypning i geofag.

 

Realfagspoeng

Geofag 1: gjer 0,5 realfagspoeng.
Geofag 2: gjer 0,5 realfagspoeng.

Standpunktvurdering

Geofag 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Geofag 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen

Geofag 1: Eleven kan trekkast ut til ein munneg-praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.

Geofag 2: Eleven kan trekkast ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg-praktisk eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg-praktisk eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg og munnleg-praktisk eksamen skal ha førebuingsdel.