Kvifor velje informasjonsteknologi 1 og 2?
Informasjonsteknologi handlar om å forstå og utvikle informasjonssystem. Programfaget skal gi deg kunnskapar og ferdigheiter innan informasjonsteknologi, og skal også bidra til at du skal forstå korleis informasjonsteknologi påverker individ og samfunn. Faget skal styrke din digitale kompetanse og førebu deg til å ta val for at du skal kunne bruke informasjonsteknologi i vidare studiar og arbeidsliv. Faget skal førebu deg til eit framtidig samfunns- og arbeidsliv som krev at du kan forstå, bruke og utvikle informasjonsteknologi.
Realfagspoeng
Informasjonsteknologi 1: gjev 0,5 realfagspoeng.
Informasjonsteknologi 2: gjev 0,5 realfagspoeng.
Standpunktvurdering
Informasjonsteknologi 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Informasjonsteknologi 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen
Informasjonsteknologi 1: Eleven kan trekkast ut til ein munnleg-praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Informasjonsteknologi 2: Eleven kan trekkast ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg-praktisk eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Skriftleg eksamen skal ha førebuingsdel. Munnleg-praktisk eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Munnleg-praktisk eksamen skal ha førebuingsdel.