Engelsk 1 og 2Du kan velje Engelsk 1 og 2 som programfag på Bryne. Publisert 25.01.2022 13.15 Sist endra 04.08.2023 13.03 Kvifor velje engelsk programfag? Engelsk 1 og 2 er programfag som alle har glede og nytte av i livet, uansett vidare studiar og arbeid. Å ta engelsk som programfag førebur deg til vidare studie i Noreg eller i utlandet. Gjennom faga vil du få anledning til å øve deg på å lese og forstå fagartiklar på engelsk med eit kritisk blikk. Svært mange vitskaplege artiklar er skrive på engelsk, og uansett kva studium du går vidare med, er det stor sjanse for at delar av pensum vil vera på engelsk. Faga gir deg kunnskap om korleis du skriv gode tekstar gjennom målretta rettleiing i di eiga utvikling. Du utviklar både eit generelt og akademisk ordforråd. Faga byr på varierte arbeidsmetodar, og gir deg sjansen til å påverke innhald og arbeidsmåtar i undervisninga. Du vil få anledning til å utforske emne du er spesielt interessert i, også frå andre fagområde enn engelsk. Du vil få sjansen til å lese eit variert utval skjønnlitteratur frå den engelsktalande verda, og jobbe med ulike kunst- og kulturuttrykk som film, seriar, bildekunst etc. Faga passer godt saman med fleire av dei andre programfaga, og ein kombinasjon kan gje ein bonus i form av endå djupare forståine for verda i dag. Vi jobbar med dagsaktuelle saker; det som var i nyheitene i går er gjerne det som blir diskutert i klasserommet neste dag. Viss du vil studere i Danmark slepp du den obligatoriske språktesten dersom du har hatt engelsk 1 som programfag. Kva er engelsk 1? Faget bygger vidare på VG1 fellesfagleg engelsk og førebur deg for programfaget engelsk 2 på VG3. Faget handlar om at elevene skal bli betre kjent med den engelskspråklege verda, mellom anna: aktuelle samfunnsdebattar i engelskspråklege land det engelske språket si rolle i informasjons- og meiningsutveksling globalt ulike variantar av engelsk ulike typar tekstar som aktuelle artiklar, fagtekstar, litteratur, film, dokumentarar, TV-seriar, musikk og spel sjølvvald fordjupingemne knytt til språk, kultur, samfunn eller vitskap Kva er engelsk 2? Faget bygger vidare på engelsk 1, og spissar kompetansen din for akademisk bruk av engelsk. I faget fokuserer vi på desse emna: Korleis engelskspråklege land har kulturell, språkleg og politisk innflytelse i verda Samfunnsmessige og politiske forhold i to engelskspråklege land sett ut frå historiske samanhengar Ulike typar skjønnlitterære tekstar i lys av deira historiske og kulturelle samanheng Eit sjølvvald fordjupingsemne med tema frå engelsk 2 Akademisk skriving og kjeldebruk Å førebu elevar til vidare studie både i innland og utland. Standpunktvurdering Engelsk 1: Du får to standpunktkarakterar, éin munnleg og éin skriftleg. Engelsk 2: Du får to standpunktkarakterar, éin munnleg og éin skriftleg. Eksamen Engelsk 1: Eleven kan trekkast ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd lokalt. Engelsk 2: Eleven kan trekkast ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd lokalt.