Engelsk 1 og 2

Du kan velje Engelsk 1 og 2 som programfag på Bryne.

Kvifor velje engelsk programfag?

  • Engelsk 1 og 2 er programfag som alle har glede og nytte av i livet, uansett vidare studiar og arbeid.
  • Å ta engelsk som programfag førebur deg til vidare studie i Noreg eller i utlandet. Gjennom faga vil du få anledning til å øve deg på å lese og forstå fagartiklar på engelsk med eit kritisk blikk.
  • Svært mange vitskaplege artiklar er skrive på engelsk, og uansett kva studium du går vidare med, er det stor sjanse for at delar av pensum vil vera på engelsk.
  • Faga gir deg kunnskap om korleis du skriv gode tekstar gjennom målretta rettleiing i di eiga utvikling.
  • Du utviklar både eit generelt og akademisk ordforråd.
  • Faga byr på varierte arbeidsmetodar, og gir deg sjansen til å påverke innhald og arbeidsmåtar i undervisninga.
  • Du vil få anledning til å utforske emne du er spesielt interessert i, også frå andre fagområde enn engelsk.
  • Du vil få sjansen til å lese eit variert utval skjønnlitteratur frå den engelsktalande verda, og jobbe med ulike kunst- og kulturuttrykk som film, seriar, bildekunst etc.
  • Faga passer godt saman med fleire av dei andre programfaga, og ein kombinasjon kan gje ein bonus i form av endå djupare forståine for verda i dag.
  • Vi jobbar med dagsaktuelle saker; det som var i nyheitene i går er gjerne det som blir diskutert i klasserommet neste dag.
  • Viss du vil studere i Danmark slepp du den obligatoriske språktesten dersom du har hatt engelsk 1 som programfag.

Kva er engelsk 1?

Faget bygger vidare på VG1 fellesfagleg engelsk og førebur deg for programfaget engelsk 2 på VG3. Faget handlar om at elevene skal bli betre kjent med den engelskspråklege verda, mellom anna:

  • aktuelle samfunnsdebattar i engelskspråklege land
  • det engelske språket si rolle i informasjons- og meiningsutveksling globalt
  • ulike variantar av engelsk
  • ulike typar tekstar som aktuelle artiklar, fagtekstar, litteratur, film, dokumentarar, TV-seriar, musikk og spel
  • sjølvvald fordjupingemne knytt til språk, kultur, samfunn eller vitskap 

Kva er engelsk 2?

Faget bygger vidare på engelsk 1, og spissar kompetansen din for akademisk bruk av engelsk. I faget fokuserer vi på desse emna:

  • Korleis engelskspråklege land har kulturell, språkleg og politisk innflytelse i verda
  • Samfunnsmessige og politiske forhold i to engelskspråklege land sett ut frå historiske samanhengar
  • Ulike typar skjønnlitterære tekstar i lys av deira historiske og kulturelle samanheng
  • Eit sjølvvald fordjupingsemne med tema frå engelsk 2
  • Akademisk skriving og kjeldebruk
  • Å førebu elevar til vidare studie både i innland og utland.

Standpunktvurdering

  • Engelsk 1: Du får to standpunktkarakterar, éin munnleg og éin skriftleg.
  • Engelsk 2: Du får to standpunktkarakterar, éin munnleg og éin skriftleg.

Eksamen

Engelsk 1: Eleven kan trekkast ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd lokalt.

Engelsk 2: Eleven kan trekkast ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd lokalt.