Framandspråk nivå 3

Du kan velje Framandspråk nivå 3 som programfag.

Kvifor velje framandspråk nivå 3?

Framandspråk handlar om å forstå og bli forstått. Faget legg til rette for at elevane kan samhandle med og oppleve glede i møte med andre menneske og kulturar. I ei globalisert verd har vi behov for å kommunisere på fleire språk. Formell og uformell kommunikasjon lokalt, nasjonalt og internasjonalt krev språkkunnskapar og kunnskap om andre kulturar og levesett. Dette gjelder ikkje minst i studie og  arbeidslivet. 

Framandspråk nivå 3 bygger på framandspråk nivå 2. Framandspråk nivå 3 kan telle som eit av dei to programfaga som du må ha til fordjuping innanfor programområde Språk, samfunnsfag og økonomi. Du kan difor velge framandspråk som eit av dine gjennomgåande fag. 

Kva lærer du i framandspråk nivå 3?

  • Du får fordjupe deg meir i språket og samstundes få øve deg i lytting, lesing, samtale, skriving og anna som fremjer kommunikasjon 
  • Du får arbeide med historiske, sosiale, miljømessige og politiske forhold i område der språket blir snakka
  • Du lærer om kultur som film, musikk, litteratur og kunst i område der språket blir snakka

Fordjupingspoeng

Framandspråk nivå 3 som programfag (fag som har kode PSPxxxx) gir 1 fordjupingspoeng.

Standpunktvurdering

Framandspråk nivå 3: Elevane skal ha to standpunktkarakterar, éin munnleg og éin skriftleg.

Eksamen

Framandspråk nivå 3: Elevane kan trekkas ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg eksamen vert gjennomført digitalt ved bruk av tastatur til kvart enkelt språk.