Morsmålseksamen nivå 3

I Rogaland kan du ta skriftleg privatisteksamen i følgjande morsmål skuleåret 2024/25:

Albansk, amharisk, arabisk, bosnisk, bulgarsk, dari, estisk, filipino, finsk, fransk, hebraisk, hindi, islandsk, italiensk, japansk, kantonesisk, kinesisk (tidlegare namn mandarin), koreansk, kurdisk (sorani), kurdisk (kurmanji), latvisk, litauisk, lulesamisk, nederlandsk, nordsamisk, nygresk, oromo, panjabi, pashto, persisk, polsk, portugisisk, russisk, serbisk, somali, spansk, sørsamisk, tamil,  tegnspråk, thai, tigrinja, tyrkisk, tysk, ukrainsk, ungarsk, urdu og vietnamesisk. Eksamenar i andre framandspråk enn desse er det ikkje mogleg å ta i Norge. 


I Rogaland kan du ta munnleg privatisteksamen i følgjande morsmål skuleåret 2024/25:

Albansk, amharisk, arabisk, bosnisk, dari, engelsk, fransk, islandsk, kinesisk, litauisk, nederlandsk, persisk, polsk, russisk, spansk, somali, tamil, tigrinja, tyrkisk, tysk, ukrainsk, urdu og vietnamesisk.

Munnleg eksamen i andre framandspråk enn desse må du ta i Bergen.  Du må sjølv betale for privatisteksamen og for reisa til Bergen dersom du må ta munnleg eksamen der.

Kvifor ta eksamen i morsmål?

Dersom du har munnleg og skriftleg kompetanse i morsmålet ditt, kan du velge å ta privatisteksamen. Då får du fritak i framandspråk, som er eit obligatorisk fag på studiespesialiserande. Du kan velge å ta nivå 2 eller nivå 3. Dersom du vel å ta nivå 3 – der fagkoden begynner med PSP får du også eit ekstrapoeng som ved framandspråk nivå 3.

Dansk og svensk kan ikkje erstatte framandspråk.

Å søke fritak i framandspråk (søknad hos YOU-rådgjevar), må gjerast før 1. februar det året du går på VG2. Viss ikkje får du andregongsvitnemål fordi du kan bli «uttrekt» til eksamen. Sjølve eksamen kan du gjennomfør på vg1, vg2 eller vg3. Du kan til dømes ta munnleg om hausten og skriftleg om våren. Du må gjennomføre eksamen i morsmål medan du er elev ved skulen for å fullverdig førstegongsvitnemål.

Framandspråkpoeng

Framandspråk nivå I som programfag (fag som har kode PSPxxxx) gir 0,5 poeng
Framandspråk nivå II som programfag (fag som har kode PSPxxxx) gir 0,5 poeng
Framandspråk nivå III som programfag (fag som har kode PSPxxxx) gir 1,0 poeng

Standpunktvurdering

Framandspråk nivå I: Elevane skal ha to standpunktkarakterar, éin munnleg og éin skriftleg.
Framandspråk nivå II: Elevane skal ha to standpunktkarakterar, éin munnleg og éin skriftleg.
Framandspråk nivå III: Elevane skal ha to standpunktkarakterer, éin munnleg og éin skriftleg.

Eksamen for elevar

Framandspråk nivå I: Elevane kan trekkast ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg eksamen vert gjennomført digitalt ved bruk av tastatur som er tilpassa språket.

Framandspråk nivå II: Elevane kan trekkast ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg eksamen vert gjennomført digitalt ved bruk av eigna tastatur for språket det gjeld.

Framandspråk nivå III: Elevane kan trekkast ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg eksamen vert gjennomført digitalt ved bruk av eigna tastatur for språket det gjeld.