Politikk og menneskerettar

Du kan velje faget Politikk og menneskerettar som programfag på Bryne.

Kvifor velje politikk og menneskerettar?

Politikk og menneskerettar handlar om korleis vårt eige og andre sine samfunn blir styrt gjennom politiske beslutningar. Faget skal gi innsikt i menneskerettane si betydning individuelt, nasjonalt og internasjonalt.

Faget skal også gi grunnlag for aktiv samfunnsdeltaking og forståing av og respekt for andre mennesker sine synspunkt, verdiar og kulturuttrykk. Arbeid i faget skal bidra til å utvikle kompetanse som er nyttig for vidare studie og arbeidsliv. Det er ein fordel å ha tatt sosiolog og sosialantropologi i forkant, men det er ikkje eit krav.

Kva lærer du om i faget?

  • Kva er eit godt samfunn?
  • Korleis går det med verdsutvikling/brot på menneskerettane? Kvifor skjer det og kva kan konsekvensane bli?
  • Har vi det betre eller verre enn før? Har verda blitt farlegare å leve i?
  • Kva politiske utfordringar vil kunne få konsekvensar for komande generasjonar?
  • Kven har makt i samfunnet og verda? Kvifor har dei makt? Kva konsekvensar får makta deira?
  • Kvifor er fordelinga av goder og byrder i samfunnet slik den er? Kva blir konsekvensane?
  • Kan vi samarbeide om å lage eit betre samfunn og ei betre verd, eller er verda ein stad kor den sterkaste sin rett gjer seg gjeldande?

Standpunktvurdering

Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen for elever

Eleven kan trekkas ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeida og sensurert lokalt. Skriftleg og munnleg eksamen skal ha førebuingsdel.