Psykologi 1 og 2

Du kan velje Psykologi 1 og 2 som programfag på Bryne.

Kvifor velge psykologi 1 og 2?

Psykologi handlar om å forstå mennesket sine tankar, emosjonar og atferd. Faget skal gi eit vitskapleg perspektiv på psykologiske prosessar og mekanismar både i og mellom menneske. Faget skal også bidra til at du utviklar ei samansett og meir helskapleg forståing av mennesket.

Psykologi handlar om det fellesmenneskelege, det som gjer oss like, men også det som gjer oss ulike og unike. I ei verd prega av stadige endringar og utfordringar, kan faget bidra til auka medborgarskap gjennom å bli bevisst og forstå seg sjølv og andre, på individ-, gruppe- og samfunnsnivå. Faget dannar også grunnlag for samhandling på ulike arenaer, som skule, studiar og arbeidsliv.

Psykologi er kunnskap som har med alle område av menneskelivet å gjera, og faget er opptatt av mennesket si atferd; dei ytre synlege handlingane, mentale prosessar – alle tankar, fantasiar, opplevingar, vurderingar og avgjersler i mennesket. Faget tilhøyrer samfunnsfaga, og passer veldig godt samam med sosiologi og sosialantropologi /sosialkunnskap.

Kva lærer du?

Det er eit fag som alle har glede og nytte av, uansett kva du skal studiere eller arbeide med vidare i livet. Her vil du møte varierte arbeidsmetodar, diskusjonar, film og aktuelle nyheiter. Du vil oppleve å få betre evne til å forstå medmenneska dine. Du blir nysgjerrig på livet og det som skjer rundt deg. Kvifor er eg som eg er og du som du er?

Standpunktvurdering

Psykologi 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Psykologi 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen for elever

Psykologi 1: Eleven kan trekkast ut til ein munnleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.

Psykologi 2: Eleven kan trekkast ut til ein skriftleg eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg og munnleg eksamen skal ha førebuingsdel.