Reiseliv og språk 1 og 2

Du kan velje Reiseliv og språk 1 og 2 som programfag på Bryne. 

Kvifor velje reiseliv og språk 1 og 2?

Reiseliv og språk handlar om å forstå reiseliv nasjonalt og globalt. Faget skal gi deg innsikt i samanhengar mellom turistane sine individuelle val, bedriftene sine val og samfunnet sine krav og forventningar. Reiseliv og språk skal bidra til at du får bevisstheit rundt reiselivet sitt ansvar og reiselivet sine moglegheiter for å bidra til bærekraftige samfunn - ein kompetanse som er viktig både i eit samfunnsperspektiv og i reiselivsbransjen/arbeidslivet.

Standpunktvurdering

Reiseliv og språk 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Reiseliv og språk 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

Reiseliv og språk 1: Eleven kan trekkast ut til ein munnleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Reiseliv og språk 2: Eleven kan trekkast ut til ein skriftleg eksamen eller ein munleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha ein førebuingsdel.