Rettslære 1 og 2

Du kan velje Rettslære 1 og 2 som programfag på Bryne.

Kvifor velje rettslære 1 og 2?

Rettslære handlar om å forstå korleis rettsreglar bidreg til å byggje opp og vareta eit demokratisk samfunn. Faget skal bidra til at du får kompetanse om gjeldande rett og om kva rettar og plikter den enkelte har. I tillegg skal faget bidra til at du skal kunne sjå ei sak frå fleire sider og kome med relevante argument. Dette er kompetanse som du vil få bruk for i vidare utdanning og i arbeidslivet.

Kva lærer du?

I Rettslære 1 tar vi opp tema som:

  • Familierett: Korleis skal eigedelane bli fordelte når skilsmissa er eit faktum? Kva rettigar har du som mindreårig, i forhold til foreldre og andre?
  • Arverett: Kven arvar når ein slektning døyr? Korleis påverkar eit testament arveoppgjeret?
  • Strafferett: Kva er eit tjuveri? Kan gjerningsmannen verta dømd for ein form for tjuveri? Kva er lekamsskading eller drap?  Kan nokon verta dømd for noko?
  • Arbeidsrett: Kva skal til for å få sparken? Kan oppseiing vera eit alternativ? Har du rett på ferie eller feriepengar?

Rettslære 2 bygger videre på kompetansen frå rettslære 1. Der møter du tema som:

  • Avtalerett: Kan ein inngått avtale bli kjent ugyldig?
  • Kjøpsrett: Dersom vara du har kjøpt blir forsinka eller det er noko feil med vara; kva skal til for at du kan krevje noko og kva har du i tilfelle krav på?
  • Forvaltningsrett: Kva skal til og korleis går du fram dersom du meiner du blir urettferdig behandla av eit offentleg organ, som til dømes kommunen eller skulen.

Standpunktvurdering

Rettslære 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Rettslære 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter

Eksamen for elever

Rettslære 1: Eleven kan trekkjast ut til ein munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.

Rettslære 2: Eleven kan trekkjast ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg og munnleg eksamen skal ha førebuingsdel.