Sosiologi og sosialantropologi

Du kan velje Sosiologi og sosialantropologi som programfag på Bryne.

Kvifor velje sosiologi og sosialantropologi?

Sosiologi og sosialantropologi handlar om å gi deg samfunnsvitskapleg innsikt i det moderne samfunnet og samfunnsutviklinga. Gjennom faget skal du utvikle forståing av kva sosiale og kulturelle prosessar betyr for kvar enkelt av oss og for samfunnet. Faget skal også hjelpe deg til å forstå ulike levemåtar og perspektiv, og på den måten utvikle demokratisk medborgarskap i eit mangfaldig samfunn. Faget skal gi deg innsikt i korleis samfunn, kultur og individ blir påverka av mangfald, globalisering og raske teknologiske endringar. Gjennom alt dette skal faget førebu deg til vidare studie og arbeidsliv.

I Sosiologi og sosialantropologi får du lære meir om korleis vi utviklar vår eigen identitet, og korleis vi kan skape grunnlag for aktiv medverknad i inkluderande, likeverdige og mangfaldige fellesskap. Faget skal også bidra til at du lærer å tenke vitskapleg, kunnskapsbasert og kritisk i møte med spørsmål som handlar om individ og samfunn.

Kva lærer du i sosiologi og sosialantropologi?

  • Faget er eit breitt samfunnsfag med mange relevante tema om samfunnet.
  • Du lærer om korleis vi kan forstå relasjonene mellom individer, grupper og samfunn.
  • Du lærer å bruke ulike forklaringsmodellar for å forklare eit samfunnsfenomen.
  • Du lærer om samanhengar mellom enkeltmenneske sine handlingar i samanheng med omgjevnadane og med samfunnet dei er ein del av.

Kvifor velge sosiologi og sosialantropologi?

Faget består av mange tema som er aktuelle i kvardagen din. Dette er tema som vil engasjere deg og få deg til å tenke etter, til dømes korleis vi kan forklare kriminalitet, påverknad frå media og kvifor godene er fordelt slik dei er. Vi ser på korleis samfunnet er bygd opp, kva som skjer og kva konsekvensar det kan få.

Standpunktvurdering

Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen

Sosiologi og sosialantropologi: Eleven kan trekkast ut til ein munnleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.