Då får du kombinere vidaregåande utdanning med ekstra trening eller satsing på eigen idrett. Toppidrett på vg1 er eit 5-timars programfag med eigen standpunktkarakter.
For elevar på studiespesialiserande kjem desse timane på toppen av dei ordinære timane (30 timar i veka) slik at dei har 35 timar i veka.
Studiespesialiserande med toppidrett er ikkje søknadsalternativ i VIGO. Det er først når du kjem inn på utdanningsprogrammet ved skulen og har takka ja til skuleplassen at du kan velge toppidrett.
Ta kontakt med avdelingsleiar for idrett Klaus Beschel dersom du har spørsmål om toppidrett på Studiespesialiserande.