Framandspråk vert kategorisert i nivå 1 og nivå 2.
Hadde du framandspråk på ungdomsskulen?
Då kan du velje mellom å:
- fortsetje på nivå 2 i det same framandspråket du hadde på ungdomstrinnet. På Bryne vgs. tilbyr me tysk, fransk og spansk som framandspråk på nivå 2.
- begynne med eit nytt framandspråk på nivå 1. På Bryne vgs. tilbyr me tysk og spansk som framandspråk på nivå 1. Men: Du kan ikkje velje å begynne på nytt med det same framandspråket som du hadde på ungdomstrinnet.
Hadde du ikkje framandspråk i grunnskulen?
Då må du:
- begynne på nivå 1 i eit framandspråk, og forsetje på nivå 2 i det same framandspråket medan du går på vg2 og vg3. På Bryne vgs tilbyr me tysk som 1+2-språk.
Faga me tilbyr på Bryne vgs. Kva betyr dei ulike kodane?
Tysk 1+ 2 – eleven har ikkje hatt framandspråk på ungdomsskulen (arbeidslivstrening, fordjuping i engelsk, norsk osb.). – obs dei må då ha framandspråk alle 3 åra.
Tysk 1 – eleven har hatt framandspråk på ungdomsskulen, men har bytta språk
Tysk 2 – eleven held fram med det framandspråket dei hadde på ungdomsskulen
Spansk 1 - eleven har hatt framandspråk på ungdomsskulen, men har bytta språk
Spansk 2 - eleven held fram med det framandspråket dei hadde på ungdomsskulen
Fransk 2 - eleven held fram med det framandspråket dei hadde på ungdomsskulen
Morsmål som framandspråk
Viss du kan eit framandspråk godt eller har eit anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, kan det hende at dette språket kan vere ditt framandspråk, på nivå I eller II.
Du som ønskjer å ta eksamen i morsmål kan gjere dette som privatist.